Foto: © Gaupnetunet
Remember Remember
husk dette

Gaupnetunet

Gaupnetunet er eit lite, familiedrive hotell, som ligg i rolege omgjevnadar, midt i sentrum av Gaupne.

Alle rom på Gaupnetunet har TV og eige bad. Sommarrestauranten tilbyr a la carte, lunsj og middag, som du kan nyta under epletrea i hagen.

Pluscamp Sandvik er ein koseleg familiecamping i ein gammal frukthage. Her finn du høgstandardhytter, enkle campinghytter og renovert sanitæranlegg med eigne familiebad.

Gaupnetunet og Pluscamp Sandvik ligg i eit område mellom tre nasjonalparkar, og er eit godt utgangspunkt for å utforska Sognefjorden, Jostedalsbreen og Jotunheimen. Her finst det moglegheiter for å bli med på guida brevandring, kajakkturar, rafting og andre organiserte aktivitetar.

I fjella rundt oss er det mange godt merka fjellturar ein kan gå på eiga hand, fleire med fantastisk utsikt mot fjorden og brefjella.

Bo her på denne turen

Sognefjord in a nutshell

Sognefjorden i et nøtteskall med bretur til Nigardsbreen