Foto: © Norsk Bremuseum
Rembmer Remember
husk dette

Norsk Bremuseum

Norsk Bremuseum er det leiande senteret i Noreg på formidling av kunnskap om brear og klima.

På ein underhaldande og spennande måte får du svar på spørsmål som – Kva er ein bre? Kvifor er isen blå? Korleis er fjordane blitt til? Kvifor får vi klimaendringar? Bak Norsk Bremuseum står nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar på brear og klima. Norsk Bremuseum - eit museum for det nyfikne menneske!

Eit interaktivt museum for heile familien

Kjenn korleis det er å vere under ein bre. Lær om kvifor breane er i rørsle og sjå korleis bresprekkar oppstår. Sjå den unike og svimlande panoramafilmen frå Jostedalsbreen – den største breen på fastlandet i Europa. Gjer dine eigne eksperiment med 1000 år gamal is frå breen.

Ulltveit-Moes senter for klimaforståing

Bli med på ei klimareise frå atmosfæren blei til, via islandskapet for 20.000 år sidan, til ei mogleg framtid i år 2100. Kunnskap til ettertanke!

Ein spesiell arkitektur

Museet er teikna av professor, siv.ark, Sverre Fehn, som har motteke mange norske og internasjonale prisar for bygget sin arkitektur.

Norsk Bremuseum ligg i Fjærland, med Sognefjorden og Jostedalsbreen som næraste naboar. Jostedalsbreen er nasjonalpark og museet er også eit informasjonssenter for nasjonalparken. Alle utstillingane er tilrettelagt for funksjonshemma.

  • Fitness

    Fysisk form

    FOR ALLE
  • Season

    Sesong

    01.APR - 31.OCT

Besøk Norsk Bremuseum på denne turen

Fra

Sognefjorden i et nøtteskall