Foto: Vangsgaarden Gjestgiveri
Rembmer Remember
husk dette

Vangsgaarden Gjestgiveri

Vangsgaarden Gjestgiveri ligg idyllisk plassert i fjordbygda Aurland, heilt innerst i Sognefjorden. Her har familien Ohnstad-Stigen teke i mot gjester i fleire generasjonar og tatt vare på tradisjonane som strekkjer seg tilbake til 1700-talet.

Vangsgaarden ligg midt mellom nokre av Norges mest kjende aktivitetar som Flåmsbana, Nærøyfjorden og Aurlandsdalen. I vår restaurant kan du smaka mange av dei lokale matvarene som bygda vår er kjende for. Me tilbyr overnatting, restaurant og eit mangfald av aktivitetar i vårt nærområde.

Overnatting

Vangsgaarden har 18 flotte rom i hotellfløyen med utsikt mot Sognefjorden og mektige vestlandsfjell. I hagen nede ved fjorden har me satt opp 6 rorbuer, desse passar for inntil 5 personar. Her kan du fiska din eigen middag frå stoveglaset.

Mat

Duehuset ligg midt på tunet her på Vangsgaarden. Kokken serverar ulike rettar med stor vekt på lokale råvarer. Uteserveringa vår ligg med vakker utsikt mot fjord og fjell i eit av Norges mest besøkte naturområde. Gjestene våre får servert tradisjonsrik frukost i Aabelheim. Dette huset har ei spennande historie heilt tilbake til år 1750!

Restauranten er åpen fra 01 April - 01. Oktober.

Bo her på en av disse turene

Fra

Den klassiske Norge i et nøtteskall® turen

Fra

Sognefjorden i et nøtteskall

Fra

Hjørundfjorden & Norge i et nøtteskall®