Foto: Thor Brodreskift

Flåmsbrygga Hotel

Flåmsbrygga er lite og intimt med ein særprega stil – både tradisjonell og rustikk, men samstundes moderne og delikat. Hotellet har rom med balkong og fjordutsikt, moderne stil med norsk treverk, drivved, stein og glas.

Flåmsbrygga er eit tun med tre bygningar. Her er hotellrom i to bygg, Flåmstova Restaurant, Furukroa Kafè samt Ægir BryggeriPub i same tun. Ægir er vårt eige bryggeri og eit av dei beste handverksbryggeria i Noreg. Ægir BryggeriPub er unik og bygningen er i vikinginspirert stil og minner om ei stavkyrkje.

Vår matfilosofi er det skal vere Ægir øl i og til maten! Prøv vår populære Ægir Vikingmeny og bestselgaren Ægir Vikingplanke – 5 rettar øl- og matmeny. Ægir BryggeriPub er open restaurant og pub heile året med lunsj «a la carte» i sommarsesongen. Flåmstova Restaurant serverer lunsjbuffet og middag «a la carte» i sommarsesongen, og Furukroa Kafè tilbyr husmannskost og enkle rettar heile året.

Vi tilbyr aktivitetar og utflukter med guide sommar og vinter, og pakkar med heilaften i Ægir BryggeriPub. Bli med på FjordSafari i ribbåt på Nærøyfjorden med stopp i Undredal, trugetur ved Stegastein, vandretur – ved fjorden eller til fjells, stølstur, sykling på Rallarvegen og i Flåmsdalen.

  • Restaurant
  • Parkering
  • Helårs åpent
  • Miljøsertifisert
  • Røykfrie rom
  • Bagasjeoppbevaring
  • Gratis WiFi

Ting å gjøre i Flåm